Retningslinjer og vilkår
Betaling
• Gjesten skal betale heile beløpet via Vipps eller Stripe ved bestilling på www.sandanefjordsauna.no
• Fakturering eller betaling ved oppmøte skal vere avtalt på førehand for alle private opplevingar. Ved drop-in kan gjesten bestille og betale opplevinga ved oppmøte så sant det er ledig plass.
Angrerett
• Frist for kansellering er 48 timar før frammøte. Kansellering etter dette vert belasta 100%. Refusjon til det kredittkortet som er brukt ved bestilling. • Kansellering gjerast skriftleg via e-post.
• Førespurnad om å endre bestilling må skje via telefon eller e-post. • Bestilling vert endra så sant det er ledig kapasitet. Endringar etter at frist for kansellering har utløpt er ikkje garantert.
Personvererklæring
Behandlingsansvarlig for innsamla personopplysningar er selgar. Med mindre kjøpar samtykker til noko anna, kan selgar, i tråd med personopplysningslova, kun innhente og lagre dei personopplysningane som er nødvendig for at selgar skal kunne gjennomføre forpliktelsane etter avtalen. Kjøparens sine personopplysningar vil kun bli utlevert til andre dersom det er nødvendig for at selgar skal få gjennomført avtalen med kjøpar, eller i lovbestemte tilfelle.
Vilkår for bruk
• Alkoholavgrensing: vi har ikkje alkoholservering om bord. Vi tillèt maksimalt 2 einingar medbrakt alkohol per person (ingen sprit). Badstovemeister har rett til å bortvise synleg rusa gjester. Unngå drikke med sterke fargestoff.
• Snacks: ta med lett snacks om ønskjeleg. Dette kan nytast i omkledingsrommet.
• Born og unge under 18 år må ha følgje av føresett.
• Maksimal kapasitet kan ikkje overskridast grunna sikkerheit.
• Gjesten er ansvarleg for skade på utstyr og fasilitetar som følgje av uaktsam eller uforsvarleg framferd av gjestene.
• Bruk av sauna samt bading er på eige ansvar.
Kontaktinformasjon
• Epost: Sandanefjordsauna@gmail.com
• Tlf: +4795133344
• Sandane Fjordsauna AS
• Org.nr: 829 869 152
• Postadresse: Valborgkleiva 63, 6823 Sandane
Juridisk merknad
Sandane Fjordsauna AS står ikkje til ansvar for utilfredsstillande vêrforhold, stengde fasilitetar eller andre forhold som ligg utanfor selskapet sin kontroll. Vi tek atterhald om feil i informasjon om tenester og tekniske problem som kan oppstå. Partane kan tre ut av avtalen dersom varen som er kjøpt ikkje kan nyttast som følgje av krigshandlingar, naturkatastrofar, lengre avbrot av vatn eller el-tilførslar, og liknande hendingar som verken Sandane Fjordsauna AS eller gjesten kunne forutsjå eller påverke.