Fjordsauna i Fjordlandsbyen

Uavhengig om tittelen er historielaus eller i strid med eigen kulturarv:

- Velkommen og kos deg, her er det hett og gøtt som vi likar å seie det

▪️ Kort veg frå sentrum 🚶🚶‍♂️▪️ Nydeleg utsikt 🗻▪️ Moglegheiter for å bade 🔥❄️

Hett og gøtt på Sandane & Reed

Det er heitt og gøtt i saunaen – og friskt, klart og herleg i vatnet.

No finn du saunaopplevingar både i Fjordlandsbyen Sandane, midt i Gloppefjorden, og på Reed, idyllisk plassert ved vakre Berimsvatnet.

Velkommen til trivsel, ro og velvære – anten du ønskjer fjordlukta og pulsen frå Sandane, eller den stille naturen og det spegelblanke vatnet på Reed.

Ei oppleving du vil hugse lenge, kvar du enn vel å senke skuldrane.

🔥❄️

Kvar finn du oss?

Sandane Fjordsauna er lokalisert på Elvaneset.

Om du kjem frå E39, køyrer du gjennom Sandane sentrum på fylkesveg 615 mot Hyen/ Florø. Etter Bunnpris køyrer du 900 meter og tek til høgre om lag midt i ein skarp venstresving. Omlag halvvegs på denne på denne strekka kan du sjå saunaen til høgre utover fjorden. Sjå etter skilt.
Dersom du kjem frå Hyen/ Florø køyrer du over ei bru rett etter Gloppen Camping. Etter 300 meter tek du til venstre om lag midt i svingen. Sjå etter skilt.
Køyr rett fram i ca 150m og parker framfor Felleshuset på Elvaneset. Gå ned trapp mot fjorden mellom husa eller rundt felleshuset. Sjå etter skilt.
Fram til 02.01.23 kan du parkere ved saunaen. Etter 02.01.23 lyt du parkere i Selvågane, ca 400 m etter Bunnpris på venstre side. Herifrå tek det deg ca 3-4 minutt å gå til Fjordsaunaen, spaserturen er vist med raude piler :) 🏃‍♂️🏃‍♀️

Tusen takk til Sandane Fjordpanorama for lån av bilde <3